Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei gruppe av direktetilskot i jordbruket med felles forvaltningsrutiner. Kommunen er saksbehandlar, vedtaksmynde og kontrollør på søknader om produksjonstilskot.

Kven kan søke

Føretak som driv vanlig jordbruksproduksjon og disponerar dyr og/eller areal, kan søke produksjonstilskot. Alle føretak som ønsker å søke produksjonstilskot må ved søknadsfristen:

  • Vere registrert i Enhetsregisteret (dvs. ha organisasjonsnummer)
  • Drive vanlig jordbruksproduksjon på ein eller flere landbrukseigedomar

Vilkåra for å kunne motta produksjonstilskot står i forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket.

Forskrift om produksjonstilskot

Landbruksdirektoratet 

Jordbruksoppgjeret

Det må søkast elektronisk!

Gjødselplan 

Alle som disponerar jordbruksareal (fulldyrka- overflatedyrka jord og innmarksbeite) skal ha ein gjødselplan jamfør  forskrift om gjødslingsplanlegging og forskrift om organisk gjødsel

Har føretaket dyr, men ikkje jordbruksareal skal du ha ein plan for lagring og handtering av gjødsel (salg/levering) jamfør  forskrift om organisk gjødsel

Søknadsfrist

Det søkast om produksjonstilskot to gongar i året.

15. Mars med teljedato 1. Mars

15. Oktober med teljedato 1. Oktober

Vedtak og utbetaling skjer februar året etter. 

Kontroll

Kommunen er kontrollorgan, og er pliktig til å gjennomføre kontroll på minimum 10% av søkarmengda kvart år. Kontroll gjennomførast som stadleg kontroll og/eller ved dokumentasjonskontroll 

 

Kontakt

Alexander Kenneth Connor
Jordbruk- og miljøansvarleg
E-post
Telefon 99 26 66 30

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart