Påkøyrsel av vilt

Kommunen har som oppgåve å ta vare på skada vilt, og vilt som blir felt utanom jakttid, jf viltloven § 48.

For å følgje opp dette, skal kommunen syte for at hjortevilt som er skadd ved påkøyrsel, under jakt eller på anna måte vert ettersøkt og om naudsynt avliva. Vilt er i høve Viltlova definert som alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Ved påkøyrsel av vilt gjer følgjande:

  • Få ei oversikt over situasjonen i høve skadde personar og gi førstehjelp om naudsynt . Ved personskade/akutt hjelp ring ambulanse 1 1 3.
  • Ring politiet på tlfnr 02800 og meld frå om påkøyrsla. Politiet varslar då vegentreprenør eller kommunen sin ettersøksekvipasjar som tek hand om dyret.  
  • Merk staden der påkøyrselen skjedde slik at ein lett finn att staden. Dette er viktig slik at dei som skal spore dyret veit kvar ein skal starte ettersøket. Fleire forsikringsselskap deler ut spesielle merkeband som ein kan nytte, bruk evt. ein plastpose eller liknande.
  • Følg aldri etter eit skada dyr sjølv. Det kan vere farleg og gjer dessutan vidare ettersøk med hund vanskelegare. 

 

Å køyre på vilt er ikkje straffbart, men å ikkje varslar om ein viltpåkøyrsel er det. Varsling til politiet er dessutan eit vilkår for å kunne bruke bilforsikringa di. Vanlegvis inneber ikkje viltpåkøyrsel bonustap. Ein syner elles til vegtrafikklova § 12 plikter ved trafikkuhell og dyrevelferdslova § 4 hjelpeplikt i høve plikter ved viltpåkøyrsler.   

Kontakt

Alexander Kenneth Connor
Jordbruk- og miljøansvarleg
E-post
Telefon 99 26 66 30

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart