Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Kommunar der det er adgang til jakt etter elg og/eller hjort, skal etablere eit kommunalt viltfond. Føremålet med kommunale viltfond er å skape økonomisk bakgrunn for å fremje viltforvaltninga i kommunen.
Som inntekter til det kommunale viltfondet skal reknast
- Offentleg fellingsavgift for elg og hjort fastsett av kommunen.
- Tilskott frå det statlege viltfondet.
- Fondet si årlege avkastning
Som inntekter til det kommunale viltfondet kan reknast
- Inntekter frå omsetning av ulovleg felt vilt og fallvilt av hjortevilt og bever, samt hjortevilt og bever som blir felt etter løyve gjeve i medhald av naturmangfoldlova § 18.
- Eventuelle kommunale avsetnader
- Eventuelt andre midlar.
Kommunalt viltfond kan nyttast til
- Tilskot til tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen sjølv.
- Å dekkje kommunen sine oppgåver til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
- Tiltak for å førebyggja skadar på landbruksnæring voldt av hjortevilt.
Lovar og reglar
Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort
Sist endra 11.09.2023 11.13