Ettersøk av skada storvilt

Jakt skal utøvast på ein human måte. Viltet skal avlivast så raskt som mogleg ved skadeskyting. Dette er primært ei oppgåve for jeger og jaktlag.

Kommunen skal følgje opp at innrapporterte ettersøk går føre seg med tilstrekkeleg lengde, kvalitet og intensitet.

Reglar for ettersøksplikt, forfølgingsrett og avliving av såra storvilt finn ein i §27 i Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst.

Dersom pliktig ettersøk første dag er utan resultat, skal jeger eller jaktlag utan opphald underrette jaktrettshavar og kommunen.

Varsling om bruk av kunstig lys under ettersøk av hjortevilt

Med verknad frå 1. juni 2014 vart viltlovens § 20 endra. Det er tillette å nytte kunstig lys under ettersøk etter hjortevilt. Kunstig lys er imidlertid forbode under sjølve utøvinga av jakta. Det er eit krav at jeger varslar politi, jaktrettshaver og kommunen før ein tek i bruk kunstig lys, jamfør viltloven § 20 fjerde ledd. Dette gjeld likevel ikkje dersom varslinga i vesentleg grad vil forseinke ettersøket. I slike tilfelle kan begrunna varsling om bruk av kunstig lys sendast dei nemnde instansane umiddelbart etter avslutta søk.

Før bruk av kunstig lys ved ettersøk av hjortevilt skal ein varsle til:

  • Jaktrettshavar (valdansvarleg)
  • Kommune - 91636043
  • Politiet - 02800

Lenke  

Forskrift om utøvelse av jakt. felling og fangst
Viltloven 

Kontakt

Alexander Kenneth Connor
Jordbruk- og miljøansvarleg
E-post
Telefon 99 26 66 30

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart