Vestnes kommune

Bandtvang i Vestnes kommune

Bandtvang i Vestnes kommune

Frå 1. april til 20. august er det generell bandtvang i heile landet. Vestnes kommune har i tillegg eiga lokal forskrift for bandtvang av hund. Alle hundeeigarar blir oppmoda til å setje seg godt inn i desse reglane.

Generell bandtvang 1. april til 20. august  

Generell bandtvang er ein periode kvart år kor hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda heile tida. Grunnen til dette er at dyrelivet er ekstra sårbart i denne perioden, og for å sikre at hundar ikkje skremmer opp eller jager fugl, vilt og beitedyr. Perioden gjeld frå 1. april til 20. august, men gjeld ikkje for enkelte typar jakt- og tenestehundar under aktiv teneste eller trening.

På Mattilsynet sine nettsider finn du informasjon om bandtvang.

Utvida bandtvang i Vestnes kommune 

Vestnes kommune har i tillegg forlenga den generelle bandtvangen til å gjelde til og med 30. september. Føremålet med forskrifta er å fremje eit godt og forsvarleg hundehald som ivaretek omsynet til bufe på beite.  

Regelverk  

Forskrift om utvida bandtvang for hund, Vestnes kommune, Møre og Romsdal

Kontaktinformasjon

Alexander Kenneth Connor
Jordbruksansvarleg
E-post
Telefon 71 18 40 80
Mobil 992 66 630

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Fann du det du leita etter?