Grunnskule for vaksne

Vestnes vaksenopplæring tilbyr opplæring i basisfaga i grunnskulen; norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag. Grunnskuleopplæring er ein naturleg del av introduksjonsprogrammet for flyktningar då mange manglar grunnskule eller manglar dokument som stadfester grunnskuleopplæring i heimlandet. 

Grunnskule for vaksne er elles eit tilbod til alle innbyggjarar i kommunen, både innvandrarar og norske.  

Opplæringa blir gitt i samsvar med læreplanverket for grunnskulen, og opplæringa kan avsluttast med ordinær grunnskuleeksamen dersom kandidaten ønskjer det.

Målgruppe

For å ha rett til grunnskuleopplæring, må den vaksne

  • vere over opplæringspliktig alder
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i landet
  • ha behov for grunnskuleopplæring

Retten til grunnskuleopplæring for vaksne gjeld også dei som har fullført grunnskule, men som likevel treng grunnskule for å kome vidare i utdanning og arbeid. Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til grunnskole, og ho/ han har rett til særskilt språkopplæring inntil hun/ han har fått tilstrekkelege norskferdigheiter til å følge den ordinære opplæringa i norsk.

Søkaren har rett til å få informasjon om spesialundervisning og rutinar for henvisning til PPT. Alle søkarar skal få kartlagt sine kunnskapar der ein også tek omsyn til skulegang frå heimlandet og eigne mål for opplæringa. Opplæringa skal tilpassast kvar enkelt deltakar sine behov. 

På Utdanningsdirektoratet sin nettside finn du informasjon om grunnskule for vaksne.

Slik søker du

Søk grunnskuleopplæring for vaksne her.

Kostar det noko?

Opplæringa er gratis dersom du er i målgruppa.

Kontakt

Kvalifisering og integrering
Kathrin Furland
Einingsleiar
E-post
Telefon 40 89 11 83

Opningstider

Kvardagar 08:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse
Myra 21
6390 Vestnes

Kart