UtstyrsentralenUtstyrssentralen inneheld det meste for å vere aktiv heile året. Alle kan låne utstyr for ei veke i gongen, lån er gratis. Målet er at fleire skal kunne vere aktive ute, og delta på det dei måtte ønske. Kanskje har skisko til minstemann plutseleg blitt for små og det er skidag i morgon, eller at det plutseleg er skøyteis på vatnet? Kanskje har du lyst å teste ut om alpint er noko for deg? Eller kva med å ta seg ein fisketur eller telttur, eller begge deler? Utstyrssentralen finn ein på Frivilligsentralen, utstyret er nytt og moderne. For vinteraktivitet har utstyrssentralen dette til barn og vaksne: alpinutstyr (ski, stavar, sko, hjelm og briller) langrennsutstyr (ski, stavar og sko) Hockeyskøyte, hockyekøller, hjelm og puck Kunstløpsskøyte For sommaraktivitet har utstyrssentralen dette til barn og vaksne: Redningsvestar (alle størrelsar) Fiskestenger til vaksne og barn Bæremeis Tursekkar (30L og 50L) Liggeunderlag 4-mannstelt Nyttige lenker: Reglar for lån. For å sjekke om vi har det utstyret du treng, og avtale henting av utstyr ta kontakt med Vestnes Frivilligsentral. Du kan også fylle ut skjema: Utstyrssentral Namn* E-post Mobil* Har de følgjande utstyr inne? Hugs å oppgje størrelse/lengde. Utstyr kan ikkje reserverast fram i tid.* Felt merka med * må fyllast ut Sist endra 06.04.2020 09.47