Tilskotsportalen

Alle frivillige lag og organisasjonar i Vestnes kommune kan registrere seg i Tilskotsportalen. Dette er ei teneste kommunen abonnerer på for å kunne gje frivilligheita i kommunen eit godt verktøy for å finne støtte til dei aktivitetane ein driv. Gjennom Tilskotsportalen vil organisasjonane få oversikt og moglegheita til å søke støtte- og tilskotsordningar over heile landet.

Gjennom portalen kan lokale lag og foreiningar

  • Få fullstendig oversyn over ulike tilskotsordningar etter tema
  • Gjere frie tekstsøk etter aktuelle tilskotsordningar
  • Lese nyheiter om ulike tilskot
  • Følgje med på komande søknadsfristar i kalenderen

Her registrerer du din organisasjon

Framgangsmåte på portalen

  • Finne registreringsskjema.
  • Fylle inn e-post, fornamn, etternamn og gyldig organisasjonsnummer til det aktuelle laget i kommunen. NB! + personleg namn! Og klikk "send".
  • Brukaren får opp side for stadfesting av korrekt informasjon som er sendt.
  • Til oppgitt e-postadresse mottek brukaren ei lenke som gir automatisk tilgang til "Tilskuddsportalen" for lag og foreiningar i Vestnes kommune.
  • Lenke er gyldig i 5 dagar, men brukaren kan registrere seg på nytt så mange gonger ein vil.

Vestnes kommune vonar på stor bruk

Vestnes kommune vonar at lag og organisasjonar i kommunen vil oppdage og bruke verktøyet. Kommune og alle innbyggarane er tent med eit aktivt organisasjonsliv. Det å skaffe nok pengar er alltid ei utfordring, og vona er at laga vil finne nye tilskotsordningar dei kan søkje på og få støtte gjennom.

Meir informasjon finn du på Tilskuddsportalen sine nettsider

Vi hjelper deg gjerne

Ynskjer du hjelp til å finne ei støtteordning til det din organisasjon gjer, eller rettleiing i søknadsskriving? Vestnes Frivilligsentral hjelper gjerne til med det.

Kontakt

Karianne Bergset Austnes
Dagleg leiar Vestnes frivilligsentral
E-post
Telefon 97 48 44 78