Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Spelemidlar

Spelemidlar

Spelemiddelordninga omfattar tilskot til idrettsformål og kulturbygg, og skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive fysisk og kulturell aktivitet.
 

Kommunen gir rettleiing og behandlar søknadar om statlege spelemidlar til anlegg/område for idrett, friluftsliv og kulturbygg. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet (handlingsdel) (PDF, 919 kB) legg grunnlag for prioritering av spelemidlar.

I kategorien idrett og fysisk aktivitet kan det søkast tilskot til

  • Nye idretts- og friluftsanlegg 
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg 
  • Nærmiljøanlegg
  • Turvegar og turløyper

Krav som må vere oppfylt

Sjå rettleiar "Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2020" for utfyllande informasjon.

  • For å kunne søke om spelemidlar, må prosjektet vere tatt med i handlingsplanen for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg.
  • Planane for anlegget det skal søkast om tilskot til, må på førehand vere idrettsfunksjonelt godkjent. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning må vere på plass før byggearbeid vert igangsett. Søknadar om førehandsgodkjenning blir behandla av kommunen heile året.    

Søknadsskjema og søknadsfrist

Søknadsskjema og meir informasjon om spelemidlar finn du her:    

www.anleggsregistret.no  

15. desember - Frist for å sende inn endeleg søknad til kommunen.

15.  januar - Kommunen sine vedtak og søknadar skal sendast til fylkeskommunen innan 15. januar.

Svar frå fylkeskommunen kjem normalt innan 15. juni.

Spelemiddelordninga for lokale kulturbygg 

Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.
Søknadsfrist: 1.april (til Møre og Romsdal fylkeskommune) Søknadsfrist til kommunen: 15.februar.

Ordninga skal medverke til egna lokale og bygningar som gir rom for ulik kulturell verksemd. Bygningane skal fungere som kulturelle møtestader for lokalmiljø og/eller for ein region.

Lenke til Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside om kulturbygg

Nyttige lenker

Idrettsanlegg.no
Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside om spelemidlar
Regjeringens idrettspolitikk      

Kontakt

Ingrid Skjegstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 90 21 20 38

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart