Kulturarvplan

Kulturarvplan

Vestnes kommune har for første gong fått ein eigen kulturarvplan. Planen inneheld ei oversikt over kulturminne og kulturmiljø i kommunen, og identifiserar dei av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida.

Kulturarvplan for Vestnes kommune - Handlingsdel 2019 - 2022 (PDF, 5 MB)
Regional kulturminneplanmatrise - gjeldande for Vestnes kommune (PDF, 2 MB)  
Lokal kulturminneplanmatrise for Vestnes kommune (PDF, 361 kB)
Handlingsdel 2019 - 2022 (PDF, 526 kB)

Kvifor treng vi kulturarvplanen?

Det er ei nasjonal målsetting å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Målet med å utarbeide planen er å styrke kompetansen på lokal kulturarv, og å bidra til at kommunen tar aktivt grep for vern og bruk av kulturminne og kulturmiljø.

Ein kulturarvplan gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida. Den er dessutan viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne. Enkeltobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal, regional eller nasjonal verdi, vert prioriterte ved tildeling av offentlege og private kulturvernmidlar.

Dei viktigaste tilskotsordningane for kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap finn du her:

Tilskot kulturminne​​​​​​​

Kontaktinformasjon

Ingrid Skjegstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 902 12 038

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart