UNGDOMSGRUPPA
Ungdomsgruppa er namnet på ein felles aktivitet, der ungdom og unge vaksne med ulike hjelpebehov, møtes ein gong i veka.
Dei er elevar i kulturskulen og har meldt seg på denne aktiviteten, der ulike kulturbegrep og uttrykk, er tema.
Mange av oss har ein draum om å kunne få utfalde seg, eller berre få innblikk i, kva dei ulike kulturbegrepa inneber, utan å vere så sikker at ein kan melde seg på
eitt reint kunstuttrykk for eit heilt semester. Kanskje ein smakebit av ei sangoppleving, stå på ei scene, vere med i revy, teater, lage film, vere songstjerne/ filmstjerne for ein kveld.
I dei seinare åra har vi hatt fokuset på revyar og framsyningar to gonger i året. Ungdomsgruppa har stor interesse av å delta på «Gapskrattfestivalen» med nokre av dei gode innslaga sine.
Kanskje nokon ønskjer å prøve seg på visuelle uttrykk som teikning, måling, animasjon. Historieformidlar, skape noko, prøve ulike instrument, godt tilpassa den einskilde ut frå sitt ståstad.
Velkomen til «Kultursprell/Undgomsgruppa» der vi lagar produksjonar på vår måte – slik vi forstår det.
PÅMELDING