Trekkspelet; - kanskje det mest folkekjære (og av somme difor hata?) instrumentet i store delar av 1900-talet!
På denne tida ekstremt populært ("trekkspel i kvart eit hus"...), kanskje fordi det er svært lett å få til dei første melodiane?
Uansett, instrumentet var berande i mesteparten av danse- og underhaldningsmusikken, samt bruksmusikk på grammofonplater og radio. Siste halvdelen av førre århundre vaks ynskjet/ambisjonen om å verte eit meir akseptert instrument til bruk også i klassisk og konsertmusikk, og moglegheiter for utdanning dukka opp.
Trekkspelet vert rekna som tangentinstrument (t.d. "knappetrekkspel"), men er eigentleg eit raffinert munnspel, altso ei metalltunge som vert sett i røyrsle av luft. Det unike bass-systemet gjer det mogleg å spele "komp" (bass og akkord) med berre 2 fingrar i venstre hand, attåt melodien i høgre.
Det magiske ligg likevel i belgen som forsyner stemmene med luft, difor er det eigentleg rettare å tenkje på trekkspelet som blåseinstrument;- ein må ha like god puste- (belg)teknikk som ein blåsar/songar! Meistrar ein dette, er trekkspelet eit utruleg dynamisk instrument, og med ei mengd ulike registreringar har det uttrykksmoglegheiter få andre instrument er i nærleiken av!
Den vakne lesar har no skjøna at her ligg også utfordringa; - ein skal gjere fire ting på ein gong! Trekkspelet skil difor hardt mellom dei som ikkje øver, og dei som gjer det- og får motorikken til å gli, slik at ho/han høyrest ut som eit heilt orkester.
I dag er det heilt naturleg å nytte instrumentet i alle sjangerar; t.d. teater, klassisk, kyrkjemusikk (kan erstatte kyrkjeorgel...), pop, viser, underhaldning, tango, rockeband, osv. osv.
Det viktigaste i tidleg alder, er å tilpasse størrelsen; -for store og tunge spel kan drepe spelegleda! (Det same kan dei billegaste aust-tyske som dreg for mykje luft gjere.....) Kvifor skal borna ha dårlegaste instrumenta?
I kulturskulen i dag spelar vi både solo, duett, samspel som lite orkester, og samarbeid med band og vokalistar- meld deg på, då vel?!
PÅMELDING