Sang
Stemmen er det instrumentet alle har og brukar kvar dag, og er det einaste instrumentet der ein formidlar tekst.
Når ein veit korleis stemmen verkar og korleis ein bruker dei naturlege funksjonar og utviklar dei vidare, vil ein ha høve til å lære seg det meste av kva som er nødvendig. Sangteknikk handlar mykje om å fjerne ukontrollerte begrensningar slik at stemmen kan jobbe fritt. Dette betyr at alle kan synge dersom dei ikkje hindrar stemmeproduksjonen.
Vi tilbyr undervisning i komplett vokalteknikk, komplett i den forstand at det skal dekke alle lydane stemmen kan produsere på ein sunn måte. For å sette saman eit repertoar, må eleven sjølv bidra med songar ein kan tenke seg å jobbe med. Ingen sangtimar er like, og det gjer det heile veldig spennande.
For å starte på solosang må eleven vere 10 år eller eldre.
Velkommen til sangundervisning ved Vestnes Kulturskule!
PÅMELDING