Cheerjazz
Vestnes kulturskule har sin eigen cheerleadinggruppe kalla "Sharks". Cheerleading består av mange element, deriblant stunts, pyramider, kast, turn, dans, hopp og rop. Alle desse elementa blir ikkje brukt i alle show, men er obligatoriske i cheerkonkurranser. Turn blir mykje brukt i cheerleading, både som flyerelement i kast, og vanlege turnseriar på bakken. Dans blir også brukt, og det finnt ein eigen cheerdance kategori, der ein lagar ein heil rutine med ulike dansestilar (freestyle, hip hop, jazz) utan stunt og turn, men i cheerkategorien brukast også korte dansesekvensar.
I cheerjazz vil elevane utvikle seg med ulike fokus som er med på å styrke koordinasjon og muskulatur. Dei ulike timane vil ha forskjellige fokus, mellom anna løft, tlying, styrke, stunt koreografi og gym.
Dette er eit fag for gutar og jenter i alder frå 6 klasse og oppover.
PÅMELDING