Speedadmin

Speedadmin er det systemet kulturskulen brukar for å halde oversikt over undervisning, kommunikasjon, timeplanar og elevinformasjon. Her finn både elevar og føresette den viktigaste praktiske informasjonen knytt til kulturskuleplassen.

Kva finn du i Speedadmin?

I Speedadmin kan du mellom anna:

  • Sjå kva for undervisning du er påmeld eller står på venteliste til
  • Sjå timeplanen din
  • Finne lekser og opplæringsplanar
  • Finne kontaktinformasjon til lærarane dine og sende dei melding
  • Sjå og oppdatere kontaktinformasjonen til deg eller barnet ditt, slik at de får all viktig informasjon frå kulturskulen.

Korleis loggar du inn?

Du kan logge inn i Speedadmin gjennom knappen under:

Til speedadmin

Du loggar inn med brukarnamnet du fekk på epost då du melde deg på eller søkte om plass. Du kan òg logge inn ved hjelp av ID Porten eller Feide. Ta kontakt med ekspedisjonen ved kulturskulen dersom du treng hjelp til innlogging.

Speedadmin app

Vi anbefaler å bruke Speedadmin-appen for enklare tilgang til alt som er nemnt ovanfor. Appen er gratis og finst både for iPhone og Android.