Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

GPS

GPS er ei løysing med lokaliseringsteknologi. Dette er eit tilbod til personar med orienteringsvanskar og som kan gå seg bort i sitt nærområde og ha vanskar med å finne tilbake til heimen. 

For å kunne nytte ein GPS krev det samtykke. Personen som har GPS går med denne og ein definerer kva område som er trygt og utrygt for personen å ferdast i. Når personen er i eit utrygt område blir det sendt eit varsel til pårørande som har eit samarbeid med heimetenestene. På den måten får den demente moglegheit til å føle seg fri på ein trygg måte.