Demenskoordinator

Demenskoordinator er eit bindeledd mellom personar med demens, deira pårørande, og dei ulike delane av tenesteapparatet. 

Kva gjer demenskoordinator? 

  • Følger opp personar med demenssjukdom og deira pårørande
  • Kartlegg og foretek utredningsbesøk i heimen etter avtale/samarbeid med fastlege
  • Samarbeider med institusjonane, heimesjukepleien, fastlegane og spesialisthelsetenesta
  • Held oversikt over tilbod i kommunen for personar med ein demenssjukdom og deira pårørande
  • Kan gi rettleiing og undervisning av helsepersonell både i institusjon og heimesjukepleien
  • Samarbeider med Vestnes Frivilligsentral om aktivitetsvenntilbodet

Korleis komme i kontakt med demenskoordinator?

Demenskoordinator i Vestnes kommune er Julie Øverås Stokkeland, ho er å treffe på onsdagar og torsdagar.

Utredning ved demenskoordinator

Dersom du har behov for utredning frå demenskoordinator må du ta kontakt med fastlegen din for henvisning.

Kontakt

Julie Øverås Stokkeland
Sykepleier /demenskoordinator
E-post
Telefon 48 29 89 03
Tildeling og koordinering
E-post
Telefon 47 66 27 33

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.