TannhelsetenestaGradvis opning av tannklinkken på Vestnes. Det er framleis ikkje ope som vanleg, og dersom ein ønskjer kontakt må ein ta kontakt på telefon 71 28 46 40. Les meir på fylkeskommune sine nettsider. Den offentlege tannhelsetenesta skal gjennom lov om tannhelsetenesta gi tannhelsetilbod til prioriterte grupper i befolkninga. Kvar finn du oss? Tannlegane held til i 3 etg. Aktivitetssenteret (Brugata 8) ved sida av rådhuset. Kven har rett til offentleg tannhelsetilbod? Den offentlege tannhelsetenesta skal gjennom lov om tannhelsetenesta gi tannhelsetilbod til prioriterte grupper i befolkninga. Tilbodet gjeld: Born og unge frå 0-18 år Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret (med 75% reduksjon av takstar) Det fins og ikkje-lovpålagde grupper som har rett på gratis tannbehandling: Rusmisbrukarar i institusjon og personar som pga eit rusmiddelproblem mottek tenester etter Helse- og omsorgstenestelova, og personar under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta over ein periode på minimum tre månader Personar i pleie av pårørande finansiert med omsorgsløn. Pleiebehovet må attesterast av lege Den offentlege tannhelsetenesta i Vestnes tek også i mot vaksne betalande pasientar når det er kapasitet til dette. Les meir om ordninga på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider. Sjå brosjyra "God tannhelse heile livet" Sist endra 12.01.2023 11.39