Pårørande - psykisk helse og rus

Det er viktig å ta vare på eigne behov i rolla di som pårørande.

Å vere pårørande til nokon med psykiske helseutfordringar og/eller rus- og avhengnadsproblematikk kan vere både meiningsfullt og krevjande. Mange opplever uro, ansvar og usikkerheit over tid, samstundes som dei ønskjer å støtte den dei er glad i.

Pårørande har ei viktig rolle, men det er òg viktig å ta vare på seg sjølv og ikkje stå aleine når ein treng støtte. Her finn du informasjon om nokre av dei tilboda som finst.