Familierettleiing

Familierettleiing

Familierettleiar tilbyr råd og rettleiing for foreldre/føresette med barn mellom 0-6 år i eit familieperspektiv.

Kva kan du få råd og rettleiing om?

  •  sped- og småbarn med ekstra behov for oppfølging
  •  tilknyting -og samspelsutfordringar mellom barnet og foreldre/føresette
  •  regulering av følelsar og åtferd til dømes søvn, måltid, emosjonar og affekter
  •  familiar i konflikt 

Familierettleiaren si rolle

Familierettleiar koordinerer tverrfagleg team for barn mellom 0 - 6 år i kommunen.

Familierettleiar er eininga sin kontaktperson ovanfor barn som pårørande mellom 0-18 år, der foreldre/føresette har ei psykisk liding, rusmiddelavhengigheit, alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Familierettleiar har eit koordineringsansvar og skal sørgje for at nødvendige instansar vert påkalla.

Lavterskeltilbod utan tilvisning

Familierettleiar er eit lavterskeltilbod på helsestasjonen utan behov for skriftleg tilvising. Tenesta har ingen akutt hjelpefunksjon. Foreldre/føresette kan ta kontakt via helsesøster eller direkte med familierettleiar pr. telefon/epost.

Kontaktinformasjon

Helsestasjonen ekspedisjon
Telefon 71 18 41 97

Alt.telefon 71 18 41 90

Opningstider

Rådhuset 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?