Transportteneste for funksjonshemma (TT-kort)Transporttenesta (TT-kort) er eit tilbod om drosjetransport for personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming, og som har problem med å bruke vanleg kollektivtransport. Kven kan få tilbodet? Søker er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming Søker har vesentlege vanskar med å bruke vanleg kollektivtransport Funksjonshemminga har minimum 1 års varigheit Slik søker du Søk om transporttenest for funksjonshemma (TT-kort). Du må legge ved legeerklæring til søknaden. Utfylt søknad og og legeerklæring leverast eller sendast Vestnes kommune, Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes. Saksbehandling Servicekontoret behandlar søknaden og tildeler tenesta. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som administrerer ordninga og fastsett kriteria for tildeling. Fylkeskommunen sett eit øver tak på antal brukarar. Søkarar som ikkje får søknaden innvilga kan klage på vedtaket. Slik klager du Klage på enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Du har rett til rettleiing frå kommunen og du har rett til innsyn i dokumenta. Klagen skal grunngjevast og sendast til: Vestnes kommune Brugata 10 6390 VESTNES eller til postmottak@vestnes.kommune.no Formannskapet er kommunen sitt faste klageorgan der det ikkje er ekstern klageinstans (t.d. Fylkesmannen). Regelverk Retningsliner for transportenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal (PDF, 67 kB) Sist endra 19.04.2021 13.28