Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Ergoterapeutane jobbar for at folk kan bu heime lengst mogleg og i størst mogleg grad utføre kvardagsaktivitetar.
Kva tilbyr ergoterapitenesta?
Kva er viktige aktivitetar for deg? Dette er eit sentralt spørsmål for oss når vi utviklar mål og tiltak saman med brukaren. Ergoterapeuten legg tilrette for aktivitetar i dagleglivet. Det kan vere ved hjelp av trening, tilpassingar i bustaden og/eller hjelpemiddel. Vi formidlar hjelpemiddel til dei som har behov og hjelper med søknad til NAVs hjelpemiddelsentral innan områda bevegelse, syn- og hørselstap og kognitive hjelpemiddel.
Kven kan få tilbod om ergoterapi?
Alle som har utfordringar i dagliglivet kan få hjelp av ein ergoterapeut. Dette er uavhengig av om du bor heime eller på institusjon.
Korleis få tilbodet?
Dette er et lavterskeltilbod, kor du sjølv kan ringe og be om ein avtale. Vi avtaler då eit møte, kor vi kartlegg kva som er utfordringa di, og kva tiltak som er aktuelle. Førespurnaden kan og komme via heimetenestene eller andre du er i kontakt med. Det er ikkje noe søknadsskjema eller behov for henvisning frå lege. I perioder kor det er stor pågang kan det vere venteliste. Derfor er det utarbeidd ei rutine som sikrar at dei med størst behov får hjelp først.
Kva koster det?
Tilbodet er gratis.
Sist endra 11.08.2023 00.20