Influensavaksine, koronavaksine og lungebetennelsevaksine

For nokon kan influensa gi alvorlege komplikasjoner. Personar i risikogruppene bør ta influensavaksine årleg. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg.

Datoar for vaksinering

Det blir også i år samvaksinering med influensavaksine, koronavaksine og  lungebetennelsevaksine på legesenteret, alle tre kan settast samme dag om det er aktuelt. 

Desse dagane er sett av til vaksinering:

  • TIRSDAG 14. OKTOBER kl. 16.00 - 19.30
  • TORSDAG 16. OKTOBER kl. 16.00 - 19.30
  • TIRSDAG 21. OKTOBER kl. 16.00 - 19.30
  • TORSDAG 23. OKTOBER kl. 16.00 - 19.30
  • TIRSDAG 4. NOVEMBER kl. 16.00 - 19.30 

Kven bør ta vaksine

Influensavaksine er anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskap, frå 6 mnd til 5 år

Born og vaksne med:

  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Nevrologisk sjukdom
  • Svekka immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert influensavaksine anbefalt til: 

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstjenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Koronavaksine er anbefalt til:

•    Alle frå fylte 75 år
•    Personar mellom 18-64 år som inngår i risikogruppe
•    Ungdom mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
•    Born 6 mnd - 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderar dette
 

Prisar 

Influensavaksine: kr 300,- 
Koronavaksine: kr 100,-

Lungebetennelse - det er i år 2 forskjellige vaksiner
Prevenar20: kr 100,- (Voksenvaksinasjonsprogrammet - gjeld kun dei som er født i 1960)
Pneumovax: kr 500,-  (Anbefales påfyll kvart 6.år - etter behov. Sjekk vaksinestatus på helsenorge)
 

Slik bestiller du time

Du bestiller deg time for vaksinering på førehand.  

Du kan bestille via appen Pasientsky eller du kan ringe legesenteret i åpningstida, telefon 71184100. 

Opningstider

Måndag - torsdag 08:30 - 16:00
Fredag 09:30 - 16:00

Telefontid
Kvardagar 09:00 - 15:30

Adresse

Besøksadresse

Brugata 6
6390 Vestnes

Kart