Tverrfagleg team for barn mellom 6 - 16 år

Tverrfagleg team for barn mellom 6 - 16 år skal hjelpe foreldre, tilsette ved skule, eller andre fagtilsette i Vestnes kommune med spørsmål, råd og drøfting.

Kva tilbyr vi?

Vi er eit fast team med medlemmar frå barnevern, helsestasjon og PPT. Felles er ein god kompetanse om barn og barn si utvikling. Vi har ulike arbeidsområde og oppgåver, og vil også ha ulike tankar vi dreg med oss inn i teamet. Difor kan vi tilby råd og rettleiing knytt til både utvikling, fysisk/psykisk helse, familielivet, og skuletilbod.

Døme på innhald:

  • Informere om kommunale tenester, og alternativ vidare (td kontroll på helsestasjon/ tilvising PPT)
  • Drøfte og komme med innspel på tiltak heime eller i skulen
  • Vere ei støtte i kommunikasjon mellom skule og heim

Kven kan få hjelp?

  • Føresette til barn i grunnskulen
  • Tilsette ved skulen
  • Faginstansar som er knytt til barn mellom 6 - 16 år (td. fastlege, NAV, etc).

Føresette skal alltid gje samtykke til at namngitt barn vert drøfta i tverrfagleg team (jf teieplikt).

Kva skjer på møta?

Teamet møtast kvar tysdag i partalsveker, mellom 08:30 - 11:00. Vi møter på dei aktuelle skulane, men også på kommunen sine møterom på kommunehuset eller ved Ressurssenteret.

Korleis går du fram for å få drøfte ei problemstilling?

Tverrfagleg team for barn mellom 6 - 16 år har eige innmeldingsskjema som du finn her (papirskjema). 

Foreldre som ynskjer å melde inn sak oppmodast til å gjere dette i samarbeid med skulen. Skulen skal alltid få samtykke frå føresette før dei melder inn sak, og det er ein føresetnad at både føresette og skulen har ynskje og moglegheit til å delta på møtet.

Tverrfagleg team for barn mellom 6 - 16 år er samansett av faste fagpersonar frå Eining for barn, unge og familiar, barnevern og PPT.

Koordinator og kontaktperson er sjulepleiar Anita Karin Kvalsvik som held til på Helsestasjonen.

Kontakt

Anita Karin Kvalsvik
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 99 48 68 64

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Helsestasjonen
Brugata 14
6390 Vestnes

Kart