Jordmor

Jordmor er ein del av helsestasjonstilbodet i kommunen og tilbyr tenester etter nasjonale retningslinjer for svangerskap og barselomsorg.

Jordmor kan tilby svangerskapskontrollar, foreldre og fødselsførebuing, ammehjelp, prevensjonsrettleiing og elles gi utvida støtte og råd ved behov. Jordmor tilbyr heimebesøk til barselkvinner og nyfødte innan 1.- 3. dag etter utreise frå sjukehuset

Kven kan få tilbodet     

Ei fargerik barneteikning av ei kvinne som er gravid - Klikk for stort bilete

Alle gravide som bur eller oppheld seg i Vestnes.

Kven yt tenesta?

Kommunejordmor

Kva kostar det?

Tenesta er gratis 

Timebestilling

Time hos jordmor kan bestillast ved å ringe /sende sms til jordmor eller ved å ta kontakt med helsestasjonen.
Heimebesøk vert tilbydd den enkelte direkte, når jordmor får melding frå fødeavdelinga om at ei kvinne i  kommunen har født. 

Kontakt 

Frå veke 39 2021 blir Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Vestnes kommune med på helsestasjonstenester på Helsenorge. Det betyr at du kan bestille time, endre time og sende melding til helsesjukepleiar og jordmor ved å logge deg inn på helsenorge.no . Sjå meir info: Helsestasjonstjenester på Helsenorge.no.

Kommunejordmor svarar på henvendingar når ho er tilgjengeleg på kontoret på kvardagar

Fødeavdeling og legevakt har beredskapsansvar for gravide og fødande i kommunen

  • Ålesund fødeavdeling:  70 10 59 40
  • Molde fødeavdeling:      71 12 17 60
  • Legevakt: 116 117

Kontakt

Helsestasjonen ekspedisjon
Telefon 91 34 87 44

Snakk med oss digitalt: 
​​​​​​​Helsenorge.no

Anne-Marlen Løvik Salte
Jordmor
E-post
Telefon 97 67 51 77

Opningstider

Helsestasjonen 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Brugata 14
6390 Vestnes

Kart