Foreldrekurs

Helsestasjonen tilbyr foreldrekurs til foreldre med barn frå 6 månader og opp til 12 år. 

Kurset har som mål å gi foreldre eit verktøy for betre å forstå barnet sine behov, kva signal barnet gir, og korleis foreldre kan støtte barnet best mogleg i kvardagen. Kurset er basert på modellen Trygghetssirkelen (Circle of Security). Les meir om modellen ved å klikke her (ekstern lenkje).

Foreldrekurset bygg på prinsipp og tema som er viktige for ei trygg tilknyting. Kurset har eit førebyggande perspektiv og passar for alle foreldre med barn frå 6 månader til 12 år som bur i Vestnes kommune.

Kurset er gratis. Det er ønskjeleg at begge foreldre deltek, der det er mogleg.

Når og kor blir kursa haldne?

Helsestasjonen gjennomfører to foreldrekurs kvart år – eitt vinterkurs og eitt haustkurs.  

Foreldrekurset består av seks samlingar, alle frå kl. 13.30–15.30 på Aktivitetssenteret / Eining familie og helse (2. etasje).

Vinterkurs

Kursa blir haldne i vekene:

  • veke 5
  • veke 6
  • veke 7
  • veke 9
  • veke 10
  • veke 11 
    (pause i vinterferien)

Haustkurs

Kursa blir haldne i vekene:

  • veke 38
  • veke 39
  • veke 40
  • veke 42
  • veke 43
  • veke 44 
    (pause i haustferien)

Påmelding

Det er fortløpande påmelding gjennom heile året.

Når du melder deg på, blir du sett opp til neste kursrunde. Helsestasjonen tek kontakt i god tid før kursstart for å bekrefte at du framleis ønskjer å delta, og for å gi nærare informasjon om oppstartsdatoar.

Påmelding er bindande når deltaking er stadfesta.