Vestnes helsestasjon inviterer til foreldrekurs - hausten 2025Helsestasjonen tilbyr foreldrekurs til hausten for foreldre med barn frå 6 måneder og opp til 12 år. Frist for påmelding er 31.08.2025.Kurset har som mål å gi foreldre eit verktøy for betre å forstå barnet sitt behov, kva signal barnet gir og korleis foreldre kan støtte barnet best mogleg. Kurset er basert på modellen Trygghetssirkelen (Circle of Security). Les meir om teamet i lenka: Ressurser for foreldre – Circle of Security International.Foreldrekurset bygg på dei prinsippa og temaet som er viktige for ei trygg tilknyting. Kurset har eit førebyggande perspektiv og passar for alle foreldre med barn frå 6 mnd.—12 år som bur i kommunen. Kurset er gratis. Det er ønskeleg at begge foreldra deltek der det er mogleg. Når og kor går kurset6 kursdagar á 2 timar- tysdagar frå kl 13:30 - 15:30Kursdatoar: 16. september, 23, september, 30. september, 14. oktober, 21. oktober og 28. oktober Kurstad: Aktivitetssenteret 2. etg – Eining familie og helseKurshaldarar: Sandra Våge-Nikolaisen og Anne-Marlen Løvik SalteBindande påmelding innan 31.08.2025 - fyll ut skjemaet under.Påmelding Sist endra 25.04.2025 08.23