Helseplattformen

Vestnes kommune er tilkopla Helseplattformen frå 3. november 2023.

Kva er Helseplattformen?

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta di historie for kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med helseplattformen vil du no få ein journal som skal følge deg i alle slags møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samla på ein plattform, vil óg auke di pasientsikkerheit.

Helseplattformen har laga ei side, der du kan få meir informasjon. 

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Sjukehusa vil ta i bruk Helseplattformen våren 2024. Det er ikkje bestemt når fastlegane i Vestnes tek i bruk legeløysinga i systemet.

Korleis kan eg få tak i min pasientjournal?

Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Det er din dialoge inngang til helse- og omsorgstenester. Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over helseopplysningar og ha dialog med helsepersonell. Du kan også få tilgang som pårørende eller som foresatt til barn. 

Du kan bruke HelsaMi som en app på telefonen, men du kan også logge deg inn på nettsida.

Gå til HelsaMi

Sjekk at opplysningane om deg stemmer

Adresseinformasjonen er henta frå folkeregisteret, men telefonnummer, e-post og pårørendeinformasjon er henta fra andre fagsystem. Det kan derfor vere at informasjonen ikkje er oppdatert, men dette kan du sjølv rette opp i no.  

Er det trygt?

HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du logger deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har sikkerheitsnivå 4 som er det høgaste sikkerheitsnivået.

Helseplattformen i Vestnes kommune

Vestnes kommune, saman med Romsdalskommunene Aukra, Molde, Rauma og Hustadvika tok i bruk Helseplattformen 3. november 2023. Helse Midt-Norge koplar seg på våren 2024.

Meir informasjon

Helseplattformen skal binde saman heile helsetenestene i Midt-Noreg på ein ny måte.

Gå til Helseplattformen sine nettsider

Kvifor Helseplattformen? - Sjå infofilm

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart