HelsaMi

HelsaMi er ein digital inngang til helse- og omsorgstenester som vil gi deg mange nye moglegheiter. 

Med HelsaMi har du kontroll på dine eigne helseopplysningar til einkvar tid, og du vil samtidig alltid ha opplysningane tilgjengeleg. HelsaMi er tilgjengeleg via ein eigen app eller i nettlesaren.

Vestnes kommune vil ta i bruk Helseplattformen frå 3. november, og det er frå same dag du kan ta i bruk HelsaMi. Merk at det vil være begrensa moglegheiter i starten.

Det er helt frivillig å bruke HelsaMi. Det er eit tilbud til deg som ønskjer ein digital veg inn til helse- og omsorgstenester.

Treng du hjelp med å forstå HelseMi?
Då kan du kontakte Helseplattformen sin brukarstøtte på telefon 72 88 37 97 kvardagar frå kl 9 - 15.

Hugs å sjekk om dine opplysningar stemmer

Kontakt- og pårørandeinformasjon frå tidligare kommunale journalsystem vil ikkje vere lagt inn i HelsaMi. Det er derfor viktig at du legg inn informasjon om pårørande, samt din kontaktinformasjon.

Kva informasjon ser du i HelsaMi?

I starten vil du finne lite opplysningar i HelsaMi, men det vil vere spesielt nyttig for deg som:

  • er gravid
  • har barn under 16 år
  • er over 16 år, og brukar helsestasjon for ungdom
  • er pårørande
     

Mengden opplysningar vi har om deg vil endre seg over tid. Etter kvart som du brukar kommunale helsetenester, som jordmor, helsestasjon eller liknande, vil du finne meir informasjon.

I HelsaMi kan du få oversikt over timeavtaler og besøkssamandrag frå konsultasjonar og møte. Det er også mogleg å få og sende meldingar til dine helsekontakter, samt bestille og avbestille time.

Har du barn under 16 år, kan du bruke HelsaMi på vegne av eigne barn. Du kan mellom anna sende inn samtykkeskjema og følgje opp barnet ditt.

Du kan også få tilgang som pårørande i HelsaMi. Då vil du ha kontroll på opplysningane som gjeld eksemelvis dine barn eller foreldre.

Desse kommunale helsetenestene finn du i HelsaMi

Fra 3. november vil desse helsetenestene ta i bruk HelsaMi:

  • Helsestasjon
  • Fysioterapi og ergoterapi
  • Jordmødre
  • Tildeling og koordinering
  • Psykisk helse og rus
  • Hjelpemiddelsentralen
     

Om du brukar nokon av desse tenestene, vil du kunne mellom anna søke om tenesta og sende melding til din kontaktperson. Det finst og moglegheiter for digital oppfølgjing heime og videokonsultasjonar i HelsaMi.

Er du gravid og brukar HelsaMi, kan du legge inn alle helseopplysningar om deg direkte i appen. Du vil sleppe helsekort for gravide, på papir.

Innkalling til helsestasjon vil komme via HelsaMi, det same for psykisk helse og rus. 

Nyttig å vite om HelsaMi

  • Det er informasjon om deg som skjer etter 3. november som vil bli synleg i HelsaMi. Har du hatt time, besøk eller brukt andre kommunale helsetenester tidllegare enn denne dato, så vil du ikkje kunne sjå denne informasjonen. 
  • Tilsette ser i journalsystemet dei jobber med om du brukar HelsaMi eller ikkje. 
  • Du må vere over 16 år og ha beslutningskompetanse for å bruke HelsaMi. 
  • HelsaMi kjem som ein eigen app for smarttelefon og nettbrett, men du kan og logge inn via helsami.no. 

Kva er Helseplattformen?

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesten i Midt-Noreg. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møte ein ny person i tenesta. Med Helseplattformen vil du no få EIN journal som skal følgje deg i alle møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samlet på ein og same plattform, vil og auke pasientsikkerheita di.

Syjukehusa i Møre og Romsdal vil etter planen ta i bruk Helseplattformen våren 2024. Det er ikkje bestemt når fastlegane i Vestnes tek i bruk legeløysinga i systemet. 

Les meir om Helseplattformen

Ofte stilte spørsmål om HelsaMi