Startlån og tilskot til etablering

Startlån er ei ordning retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem og skal gje deg moglegheit til å få ein nøktern og rimelig bustad. Har du låg inntekt, kan startlånet kombinerast med tilskott til etablering, dersom vilkår for dette er oppfylt. 

Har du økonomiske utfordringar som gjer at du ikkje kjem deg på bustadmarknaden? Då kan startlån vere ei løysing for deg. Startlånordning er behovsprøvd.

Kven kan søke startlån og tilskott?

Vi legg vekt på at:

  • Du må ha langvarige problem med å finansiera eigen bustad.
  • Du må ha nytta sparing ut frå din økonomiske situasjon.
  • Startlån er behovsprøvd.

Les meir om målgruppene på Husbanken si nettside.

Startlån kan nyttast til kjøp av bustad, refinansiere med pant i eigen bustad, kjøpe ut ektefelle og tilpasse/utbetre bustad. I nokre tilfelle kan kommunen kombinera startlån med kommunale tilskott til tilpassing eller etablering.

Her kan du sjekka om du kan få startlån.

Personar med varig lav inntekt som ikkje klarer å betene eit startlån som er stort nok til å finansiere ein eigen bustad, kan få tilskott til etablering ved kjøp. Ordninga er økonomisk behovsprøvd og avhengig av tilgjengelege midlar i kommunen. Tilskottet kan og brukast til nødvendig utbetring og til refinansiering for å sikre at vanskelegstilte kan bli buande i ein eigna bustad.

Kor mykje kan du låne?

Lånesum kan variere frå søkjar til søkjar og det blir gjort individuelle vurderingar. Bustaden må være eigna for husstanden, vera nøktern og rimeleg samanlikna med prisnivået i Vestnes.

Slik søker du

For å søke startlån må du ha ein sikker elektronisk ID, ein BankID. Dersom du ikkje kan skaffe ein BankID, kan du gje ei fullmakt til ein medhjelpar som kan logga seg på for å søke for deg.

Her kan du søkje startlån - lenke til Husbanken.no 

Vedlegg til søknad om startlån og tilskott

Kva for vedlegg du treng er avhengig av kva du søker om. Du vil finne informasjon om dette i søknadsskjemaet.

Dokument du må levere saman med søknaden:

  • Skattemelding for siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei siste to månadane
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Stadfesting på anna finansiering/eigenkapital

Dokument du må leggje ved når det er aktuelt:

  • Ved annan type gjeld enn bustadlån: dokumentasjon og nedbetalingsplan
  • Ved kjøp eller refinansiering: takst og tilstandsrapport
  • Ved helsemessige eller sosiale utfordringar: helseattest
  • Ved festetomt: festekontrakt
  • Ved utbetring: dokumentasjon på alle arbeidskostnader
  • Ved bygging: kopi av teikningar, bindande anbod, kontrakt og oversikt over dei totale kostnadene

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknaden normalt innan fire veker etter at du har levert søknaden med alle nødvendige dokumentasjon. 

Meir informasjon om startlån og tilskot

Du finn meir informasjon om startlån og tilskot på Husbanken si nettside.

Slik klager du 

Regelverk

Forskrift om lån fra Husbanken  

Kontakt

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 92 02 79 39

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart