Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Tilsyn av fyringsanlegg

Tilsyn av fyringsanlegg

Kommunen skal sørge for at det ved behov blir ført tilsyn med fyringsanlegg.

Tilsynet skal avdekke feil og manglar på eldstad og skorstein for å forebygge brann eller anna skade, og samtidig sikre at fyringsanlegget fungerer som det skal.

Vi vil at eigar av  bygning/objekt eller ein som representerer eiaar er tilstades ved tilsyn, og sørger for at alt som skal sjekkast er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar.

Ved tilsyn må eigar ha tilgjengeleg dokumentasjon som viser montering, kontroll og vedlikehald av fyringsanlegget.

Dette blir sjekka ved kontroll:

  • Eventuelle tidlegare avvik eller merknadar ved fyringsanlegget er følgt opp og utbetra
  • Eventuell ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen
  • Eldstad, røykkanal, sotluke, skorstein og eventuelle matesystem for brensel er tilfredsstillande bygd og montert
  • Anlegget er tilfredsstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde
  • Tilkomst for feiing og kontroll av røykkanalar
  • Behov for feiing

Gjeldande regelverk

Veiledning til forskrift om brannforebygging § 17
Brann- og eksplosjonsloven

Kontaktinformasjon

Per Brakstad Bergmyr
Feiar
E-post
Telefon 916 73 050

Kart