Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Politikontakt i Vestnes kommune

Politikontakten skal bidra til eit tettare og mer systematisk samarbeid mellom politiet, kommunen og lokale aktørar for å førebygge kriminalitet og skape trygge lokalsamfunn.

I Vestnes kommune er det politioverbetjent og tenestestadsleiar Vebjørn Bale som er politikontakt.

Vebjørn Bale ved siden av en politibil. - Klikk for stort bilete

 

Politikontakten sin rolle

Politikontakten skal bidra til eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom politiet, kommunen og lokale aktørar for å førebygge kriminalitet og skape trygge lokalsamfunn.

Politikontakten vil mellom anna arbeide med førebygging opp imot skule, barnehage, frivillige organisasjonar og befolkninga generelt. 

Politikontakten sine oppgåver

  • Ivareta politiet si rolle og interesse i samarbeid med kommunen.
  • Sørge for oppfølging av kriminalitetsførebyggande strategi og politiet si nærpolitirolle.
  • Vere pådrivar for eit fungerande samarbeid mellom politiet og Vestnes kommune.
  • Vere eit av dei viktigaste kontaktpunkta mellom politiet, befolkninga og dei ulike aktørane i kommunen. 
  • Vere eit supplement til det øvrige kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen. 
  • Gi råd og sikra rett bruk av metode og tiltak. 
  • Følge opp avtalar, planar og forpliktelsar.
  • Delta i kommunens krisestab ved større hendingar beskrive i samarbeidsavtala. 

Slik kontaktar du politikontakten

Befolkninga i Vestnes kommune kan kontakte Vebjørn Bale direkte på e-post eller telefon 924 32 750. Dette kan omhandle politifaglege spørsmål, bekymringar eller rett og slett behov for å snakke med ein polititenesteperson.

Dersom ein vil avtale tid kan dette gjerast alle kvardagar mellom kl 08:00 - 15:00 på telefon 70 11 89 80. Utanom kontortid (08 - 15) må publikum ringe politiet 02800. Ved naud må ein ringe 112.

Kontakt

Politikontakt Vebjørn Bale
Politioverbetjent, tenestestadsleiar Vestnes
E-post
Mobil 92 43 27 50

Opningstider

Vestnes lensmannskontor

Måndag: 10:00 - 14:00
Tysdag: stengt
Onsdag: 10:00 - 14:00
Torsdag: stengt
Fredag: stengt

Det er mulig å gjere avtaler alle kvardager mellom kl 08:00 - 15:00, på tlf. 70 11 89 80.

Adresse

Besøksadresse:

Sjøgata 34
Vestnes Brygge, 2. etg.
 

Kart