Fyrverkeri / pyroteknisk vareFor å kunne selje, oppbevare og avbrenning fyrverkeri og pyroteknisk vare må ein ha løyve frå kommunen. Å søke om løyve For å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare, må ein søke om løyve til dette før salsesongen kvart år. Her søker du om sal og oppbevaring. Kursbevis for gjennomført forhandlarkurs, skal leggjast ved søknaden. Sjå punkt om forhandlarkurs lenger ned i artikkelen. Søknadsfrist for slikt sal er 1. mai. Salsperiode Ordinær salsperiode for fyrverkeri er i tidsrommet 27. til og med 31. desember. Oppskyting Oppskyting av fyrverkeri er tillate frå 31. desember kl 18:00 til 1. januar kl 02:00. Kven kan få løyve Løyve kan bli innvilga til forhandlarar som har fast stad for utsal. Salet skal føregå over disk. Slik løyve vert gjeve etter vurdering av kvart einskild tilfelle. Søknad utover ordinær salsperiode Skal du kjøpe fyrverkeri utover ordinær salsperiode, må du sende søknad til politiet. Dei sendar den vidare til brannvesenet for endeleg godkjenning, dersom avbrenning/oppskyting av fyrverkeri er tenkt nytta til anna formål enn ordinær nyttårsfeiring. Etter søknad frå kjøpar, kan brannsjefen ut frå ein brannteknisk vurdering av m.a. aktuell bruksstad og årstid, gje særskilt løyve til å kjøpe fyrverkeri utanom ordinær salsperiode. Søk om bruk av fyrverkeri All bruk av fyrverkeri er søknadspliktig, bortsett fra på nyttårsaften. Du må søke i god tid før du planlegger å bruke fyrverkeri. Her kommer søknadsskjema for bruke av fyrverkeri. Forhandlarkurs For å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare, er det eit krav til forhandlarkurs i regi av Norsk brannvernforening. Kursbevis skal ligge ved søknaden. Den som søker tillatelse til handel med pyroteknisk vare klasse II og III må drive handelsvirksomhet med fast utsalgssted, og kunne fremlegge firmaattest fra Foretaksregisteret. Regelverk Veiledning om håndtering av fyrverkeri Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff Sist endra 11.01.2023 12.31