Vestnes brannvesen

Vestnes brannvesen er eit kommunalt dreve brannvesen. Beredskapen er basert på deltidsmannskap ved brannstasjonane i Tresfjord, Tomrefjord og på Helland.

Hovudstasjonen til Vestnes brannvesen er på Helland, her har og feiarane sitt kontor og verkstad. Ambulansetjenesten i Vestnes har også base i same bygget.

Vestnes brannvesen har til einkvar tid to personar i vaktordning. Sjåførvakta på vanntankbil og brannbefal har døgnkontinuerleg vakt, og rykker ut på alle hendingar saman med relevant stasjon.

110-sentralen kallar ut næraste ledig ressurs når hendingar oppstår. Alle tre stasjonane i Vestnes er bemanna og satt opp med utstyr for å handtere brann og ulykker. Utover dette har vi utstyr til å yte støtte ved flom og andre naturbaserte hendingar.

Følg oss på facebook
 




Vestnes brann- og ambulansestasjon

Ved hovudstasjonen er det 16 deltidsmannskap saman med sjåførvakt og befalsvakt. Ved stasjonen har vi beredskap mot dei vanlege hendingane som brann og ulykker, men også overflateredning og akutt forureining. For å håndtere akuttfasen av ein forureiningshending har vi eit depot med utstyr, og har utover det støtte fra Romsdal IUA. For redning i sjø og vatn har vi mannskap som har opplæring og utstyr til overflateredning. Næraste tilgjengelege redningsdykkarar vil komme frå Ålesund. Vi har også tilgjengeleg båt for redning og bistand på sjøen.

Tresfjord brannstasjon

Ved stasjonen i Tresfjord er det det 10 deltidsmannskap. På stasjonen er det beredskap for dei vanlege hendingane med brann og ulykker. Mannskapa er også opplært i bruk av hjertestartar og har utstyr for slike hendingar i bilen. Ved stasjonen er det ein mannskapsbil og ein redningsbil.

Tomrefjord brannstasjon

I Tomrefjord er det 14 deltidsmannskap som på lik linje med dei andre stasjonane har beredskap for brann og ulykker. Tomrefjord stasjon har også beredskap på hjertestartar. Ved stasjonen har vi to mannskapsbilar.

Kontakt

Frank Skorgenes
Brannsjef/beredskapsansvarleg
E-post
Telefon 99 16 97 98
Vakttelefon brannbefal
Telefon 91 86 57 25

Brukast etter kl 14:00
 

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart