Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Krav om røykvarsling og sløkkeutstyr
Alle bustader og fritidsbustader skal ha slokkeutstyr og minimum ein røykvarsler i kvar etasje.
- Det skal vere minst éin detektor eller røykvarslar i kvar etasje, som skal dekke kjøkken, stue, sone utanfor soverom og sone utanfor tekniske rom
- Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når dørene mellom romma er lukka
- Røykvarslarane bør monterast i nærheiten av trapper og rømningsvegar på høygste punkt i taket og minimum 50 cm frå vegg
- Røykvarslarane bør vere seriekopla, det vil si at dei varslar samtidig. I nye bustadar, bygd etter TEK-10 eller seinare, skal røykvarslarar vere tilkopla strømnettet
- Det er eigaren av bustaden som har ansvar for å skaffe og montere røkvarslarar
- Den som brukar bustaden/leiger, har ansvar for å teste, vedlikehalde og bytte batteri
- Røykvarslaren bør testast kvar månad, og batteri bør byttast ein gong i året
- Alle bustadar skal ha sløkkeutstyr
- Det kan vere eit brannsløkkingsapparat med pulver eller skum, eller ein husbrannslange
- Husbrannslangen må nå alle rom i bustaden
- Utstyret skal vere synleg, lett tilgjengeleg og vedlikehalde
- Bebuarane må kunne bruke utstyret
Ikkje forsøk å sløkk ein eventuell brann dersom situasjonen opplevast som truande. Forlat heller bygningen og ring brannvesenet på nødnummer 110
- Gjennomfør brannøvingar med familien
- Fordel ansvar og lag rutinar
- Snakk med barna om brann og brannforebygging
Nyttige lenker
Les meir om sikker kvardag i bustaden din på nettsida Sikker hverdag (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap)
Regelverk
Forskrift om brannforebygging
Veiledning til forskrift om brannforebygging
Sist endra 13.11.2018 09.28