Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Bålbrenning

Bålbrenning

I tidsrommet 15. april - 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan særskilt løyve.

Dersom du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ei generell plikt til å vise varsemd for å unngå brann. Brot på plikta om varsemd kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.

Det er ikkje noko lokal forskrift som regulerer bålbrenning i Vestnes kommune. Det er derfor Forskrift om brannforebygging og forurensingsloven med forskrifter som regulerer når, kvar og kva som kan brennast.

Brannsjefen kan på kort varsel innføre forbod mot all bålbrenning, ved f.eks. langvarig tørke og skogbrannfare.

Brenning av hageavfall

Det er lov å brenne hageavfall som gras og kvist. Hugs at alle bål skal vere sløkte før det blir mørkt. Dersom det er veldig tørt kan det bli totalforbod. Forbod mot brenning av hageavfall blir annonsert i lokalavisa og på kommunen sine nettsider.

Slik søker du

Du må melde frå i god tid før du skal brenne bålet. Med god tid meiner vi minst ein virkedag og innan arbeidstids slutt før brenninga skal føregå slik at søknaden kan behandlast.  Meldeskjema for bålbrenning finn du her.

Ved melding om bål tek brannvesenet kun stilling til og vurdering av brannfaren.

Brenning av anna avfall

Brenning av avfall er forbode heile året. Med avfall meinest gjenstandar eller stoff som for eksempel bygningsavfall, restavfall, impregnert avfallstreverke, vått hageavfall og produksjonsavfall. 

Slikt avfall skal leverast ved Miljøstasjonane  

Tips til sikker bålbrenning

På sikkerhverdag.no finn du gode tips for trygg bålbrenning og grilling:

  • "Ta hensyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for brannsikkerheten
  • Det bør være en voksen, edru person som er ansvarlig for bålet
  • Bålet må være i god avstand fra bebyggelse og vegetasjon
  • Det er ikke lov å brenne bål på svaberg
  • Bålet må ikke være større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov
  • Ha egnede slokkemidler lett tilgjengelig
  • Det er forbudt å brenne plast, bygningsmaterialer og anna søppel
  • Når du forlater bålplassen skal bålet være helt slokket" 
  • Ta omsyn til vindretningar og naboar ved bålbrenning

Regelverk

Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)
Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften)

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart