Bemanna informasjonspunkt
Eit bemanna informasjonspunkt er ein stad der du kan møte representantar frå kommunen og frivillige frå Røde Kors.
Bemanna informasjonspunkt har personell til stades heile døgnet for akutte behov, mellom anna kontakt med nødetatar og grunnleggjande førstehjelp. For generelle spørsmål og andre henvendingar er opningstida kl. 09:00-21:00.
Her kan du:
- få informasjon om den aktuelle hendinga
- få viktige meldingar og oppdateringar frå kommunen
- melde frå om behov eller forhold kommunen bør kjenne til
- få grunnleggjande førstehjelp
- få tilgang til satellittnett for viktige gjeremål som å kontakte familie eller nødetatar.