Redusert foreldrebetalingDette er ei nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen for hushaldningar med låg inntekt.Kven kan få tilbodet?Barnehagar i Noreg, private og offentlege/kommunale, skal ikkje ta meir i foreldrebetaling enn 6 % av hushaldninga si samla skattbare inntekt. Er den samla inntekt lågare enn kr 128.333 har familien rett til redusert månadleg betaling for barnehageplassen.Dersom inntekta til hushaldninga er lågare enn kr 692.465,- pr år, har barn på 2, 3, 4 og 5 år (og barn med utsett skulestart) og rett til 20 timar i veka med gratis kjernetid i barnehagen.Slik søker duSøk om redusert foreldrebetalingInntekt henta frå skattemyndigheiteneInntekta blir automatisk henta frå skattemyndigheitene. Anna dokumentasjon på inntekt/manglande inntekt må lastast opp som vedlegg til søknaden.SøknadsfristSøknadsfristen er 15. juni kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehageår tek til i august. Etter søknadsfristen bli søknadane behandla fortløpande.Slik klager du Klage på enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Du har rett til rettleiing frå kommunen og du har rett til innsyn i dokumenta.Klagen skal grunngjevast og sendast til:Vestnes kommuneBrugata 106390 VESTNESeller til postmottak@vestnes.kommune.no Formannskapet er kommunen sitt faste klageorgan der det ikkje er ekstern klageinstans (t.d. Statsforvaltaren).Lese meir om ordninga?Meir informasjon om foreldrebetaling finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider. Sist endra 03.06.2026 15.43