Plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen

2 Verdigrunnlag

I arbeidet med digitale verktøy ønskjer Vestnes kommune som barnehageeigar å ha fokus på: 

  • Digitale verktøy skal støtte barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn.
  • I barnehagen skal alle barn få oppleve at digitale verkty kan vere ein kilde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap.
  • Digitale verkty skal brukast pedagogisk. Les meir om dette under digitale verky. Digitale verktøy skal brukes med omhu og ikkje dominere som arbeidsmåte.
  • Temaet skal vere styrande for verkøyet, ikkje omvendt.
  • Ikkje fokus på mest mogeleg bruk, men best mogeleg bruk.
  • Barna skal i størst mogeleg grad vere produsentar, og ikkje konsumentar. Les meir om dette under digitale verkøy.
  • Ved bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive ilag med barna.
  • Personalet skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar begynnande etisk forståing knytt til digitale medier. Les meir om dette under nettvett - digital dømmekraft.