Plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen

1 Plan for dei kommunale barnehagane i Vestnes

Digitale verktøy er ein sjølvsagt del av det samfunnet vi lever i, og den framtida barna skal bli ein del av. For å støtte barna si utvikling, danning og læring må barnehagen spegle det samfunnet vi lever i. Sosiale medier, mobiltelefonar, datamaskiner, nettbrett osb. er ein del av det norske samfunnet og difor også ein del av barna sitt liv. Som vaksne kan vi, til ein viss grad, vel vekk teknologi, mobiltelefon og nettbrett, og la vere å bruke sosiale medier til kommunikasjon. Dette valet vil ikkje barna som veks opp i dag ha. I framtida vil det bli stilt større krav til digitale ferigheiter i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv. Det første frivillige steget i utdanninga startar i barnehagen.

I forskrift om rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver, står det at barna skal få oppleve at digitale verktøy kan vere ein kilde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap. I tillegg sei barnehagelova at vi skal gje barna grunnleggjande kunnskap på sentrale områder.


Det overordna målet er at dei kommunale barnehagane i Vestnes skal bruke digitale verktøy som eit pedagogisk verktøy der det er naturleg og der det høver best, ilag med barna.

Alle barnehagane skal anvende digitale verktøy pedagogisk, etisk og forsvarleg.