Plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen

8 Nettvett – digital dømmekraft

Digital dømmekraft handlar om evne til kritisk refleksjon, mellom anna knytt til informasjonssøk, kildekritikk, personvern og opphavsrett.  

 

Det handlar om å :

  • Bruke digitale media og internett på en klok og etisk forsvarleg måte. 
  • Vere førebudd når ein skal søkje opp nettsider ilag med barna, slik at ein unngår å kome inn på sider som ikkje passar for barna. 
  • Vere kildekritisk. Internett består av mange ulike nettsider, og mange ulike kilder, sjølv om noko står på internett, betyr ikkje det at det er sant. Å vere kildekritisk handlar om å vere bevisst på at noko er sant, og at noko kan framstå som sant, men ikkje vere det. 
  • Ha et bevisst forhold til korleis ein bruker internett og andre digitale medier.
  • Vere nøyen med å ta omsyn til personvern. Barn skal få uttale seg om bilder, film og tekst dei tek del i før det vert publisert.
  •  Vere nøyen med å overhalde opphavsretten 

I arbeidet med å auke personalet sin kompetanse innan digital dømmekraft nyttar vi kompetansepakka « Digital dømmekraft i barnehagen» som ligg på Udir.no