Plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen

7 Barn med særskilde behov

Barn med særskilde behov er ei gruppe med stort mangfald. Grad og karakter av utfordring vil gje ulike støttebehov, og ulike føresetnadar for å ta del i leik og læring i barnehagen. 

Denne barnegruppa har ofte rettigheiter knytt til barnehagelova §19a eller §19g som gir dei spesialpedagogisk hjelp eller tilrettelegging av barnehagetilbodet. I takt med digital utvikling har digitale verktøy fått auka merksemd som støtte i både kommunikasjon og utvikling. Digitale verktøy kan vere god støtte for alle barn. For mange vil digitale verktøy gjere noko lettare. For enkelte vil digitale verktøy gjere noko mogleg. 

Alternativ, Supplerande Kommunikasjon (ASK) får større og større tyngde i sentrale styringsdokument. Dette inneberer at barnehagar i Vestnes kan verte pålagt å nytte hjelpemiddel som skal erstatte eller supplere enkeltbarn sitt talespråk. Dette krev at barnehagen legg til rette for å skaffe naudsynt opplæring til bruk av hjelpemiddel og til tilpassing og redigering av hjelpemiddel gjennom dataprogram. Sakkunnig vurdering frå PPT skal vere tydeleg på bruk, organisering og ansvarsfordeling når det er behov for ASK. 

  Appen BookCreator kan nyttast til å utvikle begrep gjennom bilete, lyd og video. For mange barn med særskilde behov vert dette ei multimodal tilnærming der barnet får støtta læringsprosessen gjennom både hørsel og syn på same tid. Under ligg eit døme på korleis ein ilag med barna kan arbeide med «kva det betyr å vere sint». 

 Same app kan også nyttast til å lage teikneseriar der ein illustrerer sosiale historier ilag med barn. Sosiale historier er framstilling av ønskjeleg atferd i sosiale situasjonar – td korleis barn kan spørje om å få vere med på leik. For barn med sosiale vanskar eller vanskar med kommunikasjon kan dette vere ei nyttig trening.