Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Digitalisering i barnehage

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Digitalisering i barnehage

I dei kommunale barnehagane på Vestnes er det frå januar 2019 i gang eit utviklingsprosjekt om digitalisering i barnehagen.

Ei gruppe med medlemmar frå alle dei kommunale barnehagane, ppt og administrasjonen har utarbeidd ein digitaliseringsplan for dei kommunale barnehagane. Gruppa har og kartlagt personalet sitt behov for kompetanseheving innan digitalisering.

Dette med bakgrunn i ny rammeplan for barnehagane der det under barnehagen sine arbeidsmåtar står:

  • Barnehagen sin digitale praksis skal bidra til barna sin leik, kreativitet og læring.
  • Digitale verktøy skal støtte barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn.
  • Ved bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna.
  • Digitale verktøy skal brukast med omhu og ikkje dominere som arbeidsmåte.
  • Barnehagen skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar begynnande etisk forståing knytt til digitale medier.

Personalet skal:

  • Utøve digital dømmekraft når det gjeld informasjonssøk, ha eit bevisst forhold til opphavsrett og kildekritikk, og ivareta barna sitt personvern.
  • Legge til rette for at barna utforskar, leikar, lærer og sjølv skaper noko gjennom digitale uttrykksformer.
  • Vurdere relevans og egnaheit og delta i barna sin mediebruk.
  • Utforske kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna.

Felles start på utviklingsprosjektet blir på studiedagen den 27. mars då alle tilsette i dei kommunale barnehagane skal på DAB-konferansen i Molde. (Digital Arena Barnehage)

Kontaktinformasjon

May Britt Lyngvær Skavnes
Barnehagerådgjevar
E-post
Telefon +47 90 52 58 06

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart