BarnehageruteI løpet av eit barnehageår har vi 5 planleggingsdagar, dette er dagar barnehagen er stengt for barna. Planleggingsdagen er tid til samarbeid i personalet, i tillegg til fagleg påfyll som er viktig for å gjere barnehagedagen best mogleg for alle barn. Rammeplan for barnehagen seier at barnehagen som pedagogisk samfunnsinstitusjon må vere i stadig endring og utvikling. Barnehagen skal vere rusta til å møte nye krav og utfordringar. Det krev ei stadig utvikling av kompetansen til personalet. Planleggingsdagar barnehageåret 2020/2021 05.10.2020 og 04.06.2021 er felles planleggingsdagar for dei kommunale barnehagane. Dei tre andre planleggingsdagane blir bestemt lokalt i den einskilde barnehage. Ta kontakt med barnehagen for nærare informasjon om desse dagane. Ferieavvikling Alle barn skal avvikle minimum 4 veker ferie i løpet av barnehageåret, der minst 3 veker skal vere samanhengande. Personalet skal gjennomføre 5 planleggings- og kursdagar i løpet av året som kjem i tillegg til 4 veker ferie. For sommarferie er hovudregelen sommaropen barnehage. Samarbeidsutvalet ved den enkelte barnehage kan vedta feriestengt barnehage. Sjå retningslinjer for fleksibel ferieavvikling (s 6. i vedtektene). (PDF, 79 kB) Dei kommunale barnehagane held stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagane klokka 12.00 Sommarferie 2021 Helland barnehage har sommaropen barnehage. Tomrefjord barnehage og Gardstunet barnehage har feriestengt i veke 28 - 31. Fiksdal oppvekstsenter, barnehage og Tresfjord oppvekstsenter, barnehage har feriestengt i veke 29 - 32. Vågstranda barnehage har denne sommaren, som eit overgangsår, feriestengt i veke 28 - 30. Sist endra22.03.2021 11.25