Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Tresfjord barnehage

Vi er ein liten barnehage lokalisert i Tresfjord i Vestnes kommune.

Barnehagen har vore ein del av Tresfjord oppvekstsenter fram til hausten 2020, og held til 1.etasje av det relativt nye skulebygget. Vi er ein einavdelings-barnehage, noko som betyr at vi samarbeider meir mellom avdelingane enn kanskje andre barnehagar gjer. Dette meiner vi gjev barna ein kontinuitet i personal- og barnegruppa, då barna ikkje må flytte til noko nytt den tida dei går hos oss.

Til kvardags er vi delt i to avdelingar, men med mykje aktivitet felles mellom avdelingane, både inne og ute. Korleis vi vel å organisera oss varierer etter behov, men som vanleg med ei småbarns- (0-3) og ei storbarnsinndeling (3-6). Dette grunna mellom anna forskjellige behov i rutinar og dagsrytme, samt for å sikre tryggleik, kvile og progresjon for det einskilde barnet. Barnehagen har eigen gapahuk som vi prøvar å nytte så ofte som råd er, og vi har tilgang på fine skogområde og idrettsplass i bygda.  

Visjon

Visjonen vår «eit trygt og godt fellesskap for leik og læring» synleggjer noko av det vi set høgast i vårt arbeid med barn: trygge barn og gode relasjonar.

Greier vi dette er grunnlaget sett for ei god utvikling, vekst, progresjon og læring gjennom leik.

Slik har vi det

Kontakt

Tresfjord barnehage

Avd. Tressa - 468 84 935

Avd. Ridder - 911 12 576

Monica Klokk Sæterøy
Einingsleiar
E-post
Telefon 92 61 65 40

Opningstider

Kvardagar: 06:45 – 16:30

Adresse

Besøksadresse

Skulebakken 1
6391 Tresfjord

Postadresse

Postboks 11
6397 Tresfjord

Kart