Fiksdal barnehage

Fiksdal barnehage

Fiksdal barnehagen har i utgangspunktet ei avdeling med 24 plassar. Vi er ein del av Fiksdal oppvekstsenter og held til i lokaler rett ved sida av skulen. Dette gjer at vi har eit tett og nært samarbeid med skulen og kan nytte oss av for eksempel gymsal fleire gonger i veka.

Barnehagen ligg fint til med skogen og fjøra som næraste nabo. Dette er noko vi nyttar oss av når vi skal ut på tur. Vi har også eit flott uteområde der vi kan kose oss både sommar og vinter. Vi har fin akebakke, ein skog som vi kan leike i inne på området vårt, fleire nye leikeapparat og ein stor og fin gapahuk med bålpanne som foreldregruppa har satt opp til oss.

Gruppe for små og store barn

Store deler av dagen deler vi barna inn i grupper.  Ei småbarnsgruppe med barn frå 0-3 år og ei storbarnsgruppe for barn mellom 3 og 5 år. Dette gjer vi for at dei forskjellige aktivitetane skal kunne tilpassast barna etter alder og modning og fordi vi ønsker å ivareta kvart enkelt barn på best muleg måte.

Visjon

"Ein trygg stad for trivsel, leik og læring".

Vi er ein liten barnehage samanlikna med dei andre barnehagane i kommunen. Dette er med på å skape eit trygt og oversiktleg miljø. Vi som arbeider her har ei unik moglegheit til å skape tryggleik til kvarandre, foreldra og barna. For oss er det viktig at alle som er i kontakt med barnehagen føler seg velkomen.

Vårt mål er at barna skal trivast hos oss og at dei gjennom leik med andre barn og vaksne skal utvikle sin personlege og sosiale identitet. Store deler av dagen i barnehagen består av leik. Leiken er barnets viktigaste aktivitet. Barnet lærer om seg sjølv og det som omgir dei gjennom leiken. Dette kallar vi uformell læring. Den formelle læringa går gjerne føre seg gjennom tema-arbeid og aktivitetar lagt til rette av den vaksne, men med ein leikande innfallsvinkel.

VI som jobbar her har ei profesjonell rolle i barnas liv, men vi blir veldig glad i dei. Vi kjem veldig nært inn på kvarandre sidan vi er ein så liten barnehage. Vårt mål er at både barn og foreldre skal føle at dei blir tatt på alvor og at dei blir sett og høyrt. Det skal kjennes trygt for foreldra og overlate barna sine til oss.

Kontaktinformasjon

Fiksdal barnehage

Storbarn: 913 30 790
Småbarn: 970 46 025

Lise Grønningsæter
Einingsleiar
E-post
Mobil 907 20 911
Anita Sæheim Kjelsvik
Assisterande styrar
E-post
Telefon 991 54 295

Adresse

Besøks- og postadresse

Fiksdalsvegen 25
6394 Fiksdal

Kart