Barn med nedsett funksjonsevne

Har du barn med nedsett funksjonsevne skal kommunen sette barnehagen i stand til å gje barnet ditt eit tilrettelagt tilbod. 

Tilrettelegginga kan t. d vere utstyr, bygningsmessige tilpassingar, støtte til kompetanseheving, støtte til bemanning eller anna.

Kommunen sin tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendig for at barnet skal kunne gjere seg nytte av barnehagetilbodet. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Barn med nedsett funksjonsevne skal ha moglegheit til å delta i barnehage på lik linje med andre barn, jf. Barnehagelova §37. 

Kva er nedsett funksjonsevne?

Barn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller fått skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vere nedsett bevegelses-, syns- eller høyrselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjerte- og lungesjukdommar.

Ein må avgrense det mot forbigåande forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrer åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

Kven har rett til tilrettelegging?

Føresette som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging av tiltak som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjere seg barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert. Kommunen skal etter søknad fatte vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne og foreldre har klagerett på vedtaket.

Slik søker du

Det er barnet sine føresette som søker om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Nedsett funksjonsevne må som nemnt ovanfor vere dokumentert. Har barnet allereie barnehageplass bør ein drøfte tilrettelegginga med barnehagen før søknad.

Dersom barnehagen meiner at eit barn kan ha krav på støtte til kommunal tilrettelegging i barnehagen, har barnehagen ansvar for å informere dei føresett.

Etter at kommunen har motteke søknaden blir barnehagen bedt om å fylle ut eit vedlegg til søknaden, føresette må samtykke i dette i sin søknad.

Søk om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod og legg ved dokumentasjon

Slik blir søknaden behandla

Fagleiar oppvekst fattar vedtak både for private og kommunale barnehagar.

Behandlingstida er inntil 3 veker frå søknad med alle nødvendige opplysningar er motteken. Vedtaket blir sendt til føresette, med kopi til barnehagen.

Kontakt

May Britt Lyngvær Skavnes
Barnehagerådgjevar
E-post
Telefon 90 52 58 06

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart