Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Barn med behov for spesialpedagogisk hjelp

Barn med behov for spesialpedagogisk hjelp

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom det har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig av om det går i barnehage.

Formålet

Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale ferdigheiter.

Spesialpedagogisk hjelp kan gis til barnet individuelt eller i gruppe. Hjelpen skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. 

Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen.

Les meir i Lov om barnehager (Barnehageloven) - Kapittel VII Spesialpedagogisk hjelp, tegnspråkopplæring m.m

Kven har rett på spesialpedagogisk hjelp?  

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særleg behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage.

Krav til barnehagen

Før eit barn blir tilvist til PPT må barnehagen vurdere om barnet kan få hjelp innanfor det allmennpedagogiske tilbodet først. Dersom barnet framleis ikkje har tilstrekkeleg utbytte av tilbodet, skal barnehagen kontakte PPT. Dette skjer i samråd med foreldra/føresette.

Slik får du hjelp

Når foreldre/føresette ber om spesialpedagogisk hjelp til barnet sitt har kommunen plikt til å sikre at PPT utarbeider ei sakkunig vurderin - sjå lenke til PPT og at kommunen fattar vedtak.

Kostar det noko?

Tilbodet er gratis.

Korleis kan eg klage?

Kontaktinformasjon

May Britt Lyngvær Skavnes
Barnehagerådgjevar
E-post
Telefon +47 90 52 58 06

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart