Kven kan lage reguleringsplan?Privatpersonar, organisasjonar og andre kan fremme forslag til reguleringsplan, men plan- og bygningslova krev at den skal utarbeidast av fagkyndige.Krav til reguleringsplanen Fagkyndige skal ha god kunnskap om plan- og bygningslova og krava som er stilt til utarbeiding av ein reguleringsplan. Den fagkyndige skal og levere eit formelt sett feilfritt forslag til reguleringsplan med plankart, føresegner og planomtale, inkludert ROS-analyse og vurdering av konsekvensar i samsvar med gjeldande lovverk. I tillegg faglege utgreiingar av tema som skred, flaum, støy osv. når det er behov for dette. Kor lang tid tar saksbehandlinga Arbeidet med et planforslag kan ta frå om lag eit halvår i beste fall, og opp til fleire år.Prosessen startar gjerne med eit oppstartsmøte med kommunen. Deretter skal oppstart av planarbeidet kunngjerast, med ein frist for innspel på minst tre veker.Etter dette og når planforslaget er komplett, har kommunen ein lovpålagt frist på tolv veker til å sende forslaget ut på høyring (offentleg ettersyn). Det er planutvalet som gjer vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Ifølge plan- og bygningslova skal planforslaget skal ligge ute til høyring (offentleg ettersyn) i minst seks veker.Etter høyringsfristen er det ikkje uvanleg at planforslaget må endrast som følgje av innspela. Når planforslaget er endeleg ferdig og eventuelle motsegner frå andre myndigheiter er avklart, skal kommunestyret gjere vedtak innan ein frist på tolv veker.Kva kostar det Saksbehandlingsgebyra for plansaker blir årleg fastsett av kommunestyret i medhald av plan- og bygningslova. Sjå under punkt 19 - diverse gebyr Sist endra 23.04.2025 12.45