Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er kommunens måte å styre utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kvar kan vi drive næringsverksemd? Kvar skal vi ha parkar, leikeområder og friluftsområder? Kvar skal vegane gå?

Det finnast to typar reguleringsplanar: Område- og detaljregulering. Områderegulering er mindre detaljert og styrer utviklinga i eit større område. Detaljregulering er oftast knytt til eit spesifikt byggetiltak, bustadfelt, næringsområde hytteområde etc.  

Utarbeiding av reguleringsplan  

Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar, organisasjonar og andre myndigheiter kan komme med forslag til detaljreguleringsplan. Plan- og bygningslova krev at alle reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige. 

Når kan du påverke reguleringsplana

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplana er å få innspel frå innbyggarane. Du kan ha innspel til planarbeidet i to rundar: Når arbeidet startar (varsel om oppstart) og når forslaget er utarbeidd (offentleg ettersyn) får naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet, i tillegg til kunngjering i lokalavisa og på kommunens internettsider. Arbeid med reguleringsplan kan ta tid og varierer frå eit halvår til fleire år, avhengig av kompleksitet og konfliktnivå.

Varsel om oppstart

Når ein skal lage ei reguleringsplan, må det varslast om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av plana. Ein skal sende innspelet direkte til den fagkyndige i denne runda. Frist for å kome med innspel er vanlegvis tre veker.

Offentleg ettersyn

Når planforslaget er ferdig, skal det leggast fram for planutvalet, som avgjer om planforslaget skal sendast ut på høyring (offentleg ettersyn). Då får alle høve til å kome med innspel til planforslaget, som omfattar detaljerte kart, planomtale, føresegner og andre utgreiingar. Frist for å kome med uttale i denne runda er lovfesta til minst seks veker. Innspelet sendast til Vestnes kommune.

Vedtak

Etter offentleg ettersyn er det ikkje uvanleg at planforslaget må endrast som følgje av innspela. Om endringane er vesentlege, må planen leggast ut til 2.gongs offentleg ettersyn. Når planforslaget er endeleg ferdig og eventuelle motsegner (innsigelsar) frå andre myndigheiter er avklart, skal kommunestyret godkjenne plana.

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart